Om oss

Vanylven Utvikling

næringsselskapet til Vanylven kommune, vart etablert i 2010.

Selskapet vart stifta med ein aksjekapital på 350.000,-  der kommunen eig 40% og næringslivet 60%.

Fram til 31.12.2021 har det også vore knytta ein aksjonæravtale mellom kommunen og aksjonærane som har sikre drifta av selskapet. Årleg service-
avgift frå kommunen har vore 1 mill. og aksjonærane i selskapet har sikra kr. 250.000,-.


Utanom Vanylven kommune sine B-aksjar har selskapet i dag 56 næringslivsaksjonærar. Frå stiftinga i 2010 har det vore nokre selskap som har vorte oppløyst og samtidig har det kome til nye aksjonærar.

Gjennom aksjonæravtalen har Vanylven Utvikling vore tillagt ansvar for forvaltning av kommunalt næringsfond og hoppid-midlar. I tillegg har nær-
ingsselskapet også vore saksbehandlar for søknader om finansiering gjennom risikolånefondet som Vanylven kommune har tilgjengeleg for næringslivet.